|
1 |
Johan Solheim er leiar for
Nord-Trøndelag historielag. Han går gjennom årboka
si historie og reflekterer over kor mye ei årbok som
vår betyr for lokalhistoria i fylket.
|
|
2 |
Arne Langås har ein grundig artikkel
om identifikasjonskomiteen for Falstadskogen, som
arbeidde 1945-47 for å finne identiteten til dei
menneska som var gravlagt der.
|
|
3 |
Ivar Erlend Stav legg fram materiale
om morbrørne sine, som satt på Falstad frå oktober
1944 til mai 1945. Mye av artikkelen er ført i penn
av Alf Hestmann, som seinare vart SAS-flygar. Ei
levande skildring av kor trasig fangelivet på
Falstad var for dei mannlige norske fangane.
|
|
4 |
Åke Jünge skriv om korleis
kvinnefangane på Falstad hadde det. Hovedkjelde for
artikkelen er mor hans, Bodil Kvaale (Jünge) som
satt på Falstad i 1942, 18 år gammal.
|
|
5 |
John-Otto Leifseth skriv om korleis
familien Leifseth opplevde å få heimen sin i Namsos
bomba av tyskarane 20. april 1940.
|
|
6 |
Asbjørn D.K. Eklo har samla materiale
om levangermannen Fredrik Nannestad Brekke som
opererte på begge sider under andre verdenskrig.
|
|
7 |
Forfattaren Bjørn Nilsen sin artikkel
reflekterer rundt tilfellet Nannestad Brekke og
kommenterer Eklo sin artikkel.
|
|
8 |
Årboka har ofte hatt med ein artikkel
eller to om arkeologi. I år er professor Kalle
Sognnes tilbake med ein om helleristingane på
Evenhus på Frosta.
|
|
9 |
Arnt-Erik Selliaas har granska
Eidsvollsmennene frå Nordre Trondhjems Amt og funne
mengder av nytt materiale om dei.
|
|
10 |
Jan Brendalsmo har laga ein artikkel
med tittel ”Levanger i 1000 år?” Han går gjennom det
historiske kjeldegrunnlaget for Levanger sitt store
1000-årsjubileum 2011 og kan påvise at det er like
uvisst som Tønsberg sitt grunnlag for å feire 1100
år i 1971. Han vil ikkje utelukke at det av reit
eller anna der Levanger ligg, som skilte det frå
området rundt i år 1011. Så uvissa kjem tiltaslte
til gode. Brendalsmo sin sluttsetning er: Gratulerer
Levanger.
|
|
11 |
Kirsten Joveig Gartland har ei kort
hsitorie om diktet ”Stuinna” og ei etterlysing av
kem som har omsett diktet til trøndersk.
|
|
12 |
Morten Stene og Erling Koldaas har
spora opp eit tegna reisbrev frå Nord-Trøndelag i
1849, laga av Trondheimslæraren Aas. Illustrasjonane
er fargerike og interessante.
|
|
13 |
Anders Sakrisvoll skriv om Johan
Falkberget og Nord-Trøndelag. Falkberget var mange
gonger i Nord-Trøndelag og hadde eit nettverk her.
Bildematerialet Sakrisvoll har funne fram er
eineståande.
|
|
14 |
Mette Vaag gir oss historia om den
store boksamlinga etter Gunnar Skavlan, som fylket
arva i 1963.
|
|
15 |
Alf R. Olsen gir oss eit stykke
gruvehistorie frå Meråker, knytta til Ebba Astrup
sitt namn.
|
|
16 |
På Hylla på Røra låg det ein gong
kaffetilsetningsfabrikk. Olav Andreas Moen skriv
historia om denne ukjente fabrikken.
|
|
17 |
Johannes Brandtzæg er fast
bidragsytar til årboka, med ein epistel om
fylkeskulturprisvinnaren 2010 var det Frode Estil
som fekk prisen.
|
|
18 |
John Wold har gravd fram ein ung
kunstnar frå Steinkjer, som fekk ein tragisk død i
Stockholm: Billedhoggaren Rolf Skjefte.
|
|
19 |
Til slutt har vi med årsmeldinga for
Nord-Trøndelag historielag og rapportar frå
lokallaga. Dette siste er det redaksjonsmedlem
Morten Stene som har tatt seg av å samle. Ingen
liten jobb når vi veit at dei lokale historielaga er
ei breid folkerørsle med eit utall av aktivitetar
som sysselsett hundrevis av kunnskapsrike menneske i
dette fylket. |